torsdag 15. september 2011

TUR TIL FJÆRLANDSSETE

Fin natur på fjellet!!

Endå meir fin natur :)

Det var godt det ikkje vart tåke som det her på turen.

Nyt utsikten på toppen av fjellturen vår

Kristian ser utover lanskapet frå fjelltoppen

Chillar på fjellet

Kristian kosar seg på fjellet

Utslitt etter ein hard fjelltur
Hei bloggen!!!<3<3

No nyleg var eg på telttur med friluftsliv. Det er denn ture eg skal omhandle i dette blogginnlegget. Først så vart me køyrd opp til Øvstedalen. Det var litt trangt i bussen, men det gjekk fint. Me er smydige veitu :):).Derifrå gjekk me framover til Fjærlandssete. Gruppene bytta litt på å vera veivisar. Me hadde ein matpause på ein støl. Den matbiten smakte godt altso. Når me kom opp såg me litt etter teltplassar. Eg og Kristian fann ein heilt utmerka plass der alle kunne sette opp telt. Så gjekk me ilag med teltgruppene og sette opp teltet. Eg var på teltgruppe med Ingrid, Synne og Ragnhild. Så byrja det å regna ein del, så me slo ly inne i teltet. Så var det tid for fisking. Det gjekk ganske dårleg og eg mista sluken på fyrste kast. Etter fiskinga gjekk eg og Kristian på ein liten fjelltur. Fjellturen var veldig bratt. Frå toppen såg me ned på resten av folket med kjempeflott utsikt. Det var godt vert turen. Etter dette reiste me ned til telta igjen. Der laga me mat. Gruppa mi lagde potetstappe og pølse. Me hadde ikkje pølsebrød så det var litt skuff. Men heldigvis hadde eg hugsa ketsjup så det vart ganske godt. Til dessert vart det laga banansplitt. Me hadde og mykje rett i koppen kakao me koste oss med til maten. Me hadde og med litt sjokolade og slikt. Det smakte godt. Neste morgon gjekk me vidare. Me hadde ein liten fiskepause på vegen. Endeleg etter ein lang tur kom me endeleg fram ti busstoppen som var målet. Då var det berre å sitte å vente på bussen og reise heim. Det meste på turen gjekk strålande. Været var ikkje heilt topp, og fiskinga gjekk som sagt ikkje så bra som eg personleg hadde håpa, men ellers gjekk alt strålandes. Me nådde måla på turen vår, og gruppa fungerte kjempeflott. Eg gjorde opptil fleire fellesoppgåver. Eg tok mellom anna med ketsjup, bar telt og hjalp til med telt og litt mat og drikke også. Viss eg skulle gjort noko annleis på turen så ville eg tatt med fleire plastposar og knytt sluken på fiskestanga litt betre fast. Eg lærte meg mellom anna å sette opp telt, fyre på stormkjøkken, lese av kompass og kart, og å fiske litt.
Til neste gong har eg spørsmålsrunde så det er berre å spørre i vei!!!!!

Hade bloggen<3

1 kommentar:

  1. Bra du hadde ein fin tur Øystein!
    Går utfrå du har lært deg ein ordentleg fiskeknute til neste tur:) Gledar meg til updates..

    SvarSlett