onsdag 7. desember 2011

Tur til Halsavatnet

Hei bloggen!!! :) :) :D <3<3
Jaja, då var det tid for eit nytt blogginnlegg igjen. Denne gongen gjekk turen til Halsavatnet. Me skulle eigentleg gå over Nuken å koma ned Åberge, men grunna dårlig vær og dårlige klær måtte me snu litt før planlagt. Me starta med å møte opp på skulen klokka 9. Derifrå tok me bussen til Fretland der me starta på turen. Me vart delt inn i grupper med kart og kompass, og skulle ut i frå dette finne ut kvar me skulle gå. Det klarde me bra.    
Her er eit bilete av den planlagte turruta. Me snudde ved halsavatnet og gjekk tilbake same vegen som me kom. Me gjekk på den andre sida av Halsavatnet. Ikkje den som er vist på kartet.

Snø <3<3<3<3<3<3
Etter at me hadde gått eit lite stykke venta det oss eit fantastisk syn. No lurer du kansje på kva det var me såg. Det var snø. Dette synet gjorde at humøret mitt steig med fleire hakk. Og eg trur ikkje eg berre snakkar for meg sjølv når eg seier det. Etter at me hadde gått ei stund kom me til Stokkesete der me hadde ein liten pause. Etter pausen så tok me føttene fatt igjen.
Mur med snø på.
 Så gjekk me vidare  fram til Halsavatnet. Me valgte å gå på den andre sida av vatnet enn det me hadde planlagt på forhånd. Så gjekk me endå litt vidare. Etter kvart blåste det opp ein voldsom vind. Den heitte Berit. Me bestemte oss for å ta ein matpause i ly for vinden, og vente og sjå om veret vart noko betre.
Kult bilde.
 Mens vi åt reiste Torgeir for å sjå om det var betre ver lenger framme. Det var det ikkje, så me valgte å snu, og det er jo som kjent ingen skam. Me gjekk tilbake samme vegen som me kom. Når veret etter kvart betra seg litt på vegen tilbake stoppa me for å leike litt. Heile gruppa leikte Sherriff.
Kristian får bank.
 Det er ein spennande leik der du skal skyte folk. Karoline viste seg å vera den beste skyttaren. Me hadde og snøballkrig og lagde snøenglar på vegen. Var særs kjekt. Me måtte gå litt lenger ned enn der me starta for å koma ned til bussen. Då me gjekk nedover vart det mindre og mindre kvitt. Akkurat det var ein litt trist slutt på tuen men ellers var det ein heilt super tur og veldig kjekt. Når me kom ned tok eg meg litt kakao og brownies så eg slutta å vere trist. Det smakte godt IMO.
Flott kunstverk. Kristian nyt utsikten på toppen.
Måla for turen denne gongen var:
·         Planlegge, gjennomføre og vurdere turer knyttet til lokal friluftslivstradisjon
·         Kle seg hensiktsmessig og lære utstyret å kjenne slik at dette ikkje vert nokon begrensing for turen.
·         Praktisere bestemmingar for friluftsliv og allmenn ferdsel i utmark og ta hensyn til naturen me ferdast i.         Ha da kjekt!
Ein pøbel øydelagde kunstverket.
Eg tykkjer eg oppnådde alle måla. Eg fraus ikkje og vart ikkje blaut i det haile teke. Me gjekk ikkje feil, og det var veldig kjekt. 
Det virka som heile gruppa hadde det kekt ilag og koste seg max.  Einaste som kunne ha vore betre med denne turen her er litt mindre venn, men det er jo ikkje opp til osss å styra.

 Snipp, snapp sute så var blogginnlegget ute. Me bloggast etter neste tur. Eg håpar dykk ser fram til det. Det gjer vertfall eg!!!!!!!!!!!!!!!!

torsdag 15. september 2011

TUR TIL FJÆRLANDSSETE

Fin natur på fjellet!!

Endå meir fin natur :)

Det var godt det ikkje vart tåke som det her på turen.

Nyt utsikten på toppen av fjellturen vår

Kristian ser utover lanskapet frå fjelltoppen

Chillar på fjellet

Kristian kosar seg på fjellet

Utslitt etter ein hard fjelltur
Hei bloggen!!!<3<3

No nyleg var eg på telttur med friluftsliv. Det er denn ture eg skal omhandle i dette blogginnlegget. Først så vart me køyrd opp til Øvstedalen. Det var litt trangt i bussen, men det gjekk fint. Me er smydige veitu :):).Derifrå gjekk me framover til Fjærlandssete. Gruppene bytta litt på å vera veivisar. Me hadde ein matpause på ein støl. Den matbiten smakte godt altso. Når me kom opp såg me litt etter teltplassar. Eg og Kristian fann ein heilt utmerka plass der alle kunne sette opp telt. Så gjekk me ilag med teltgruppene og sette opp teltet. Eg var på teltgruppe med Ingrid, Synne og Ragnhild. Så byrja det å regna ein del, så me slo ly inne i teltet. Så var det tid for fisking. Det gjekk ganske dårleg og eg mista sluken på fyrste kast. Etter fiskinga gjekk eg og Kristian på ein liten fjelltur. Fjellturen var veldig bratt. Frå toppen såg me ned på resten av folket med kjempeflott utsikt. Det var godt vert turen. Etter dette reiste me ned til telta igjen. Der laga me mat. Gruppa mi lagde potetstappe og pølse. Me hadde ikkje pølsebrød så det var litt skuff. Men heldigvis hadde eg hugsa ketsjup så det vart ganske godt. Til dessert vart det laga banansplitt. Me hadde og mykje rett i koppen kakao me koste oss med til maten. Me hadde og med litt sjokolade og slikt. Det smakte godt. Neste morgon gjekk me vidare. Me hadde ein liten fiskepause på vegen. Endeleg etter ein lang tur kom me endeleg fram ti busstoppen som var målet. Då var det berre å sitte å vente på bussen og reise heim. Det meste på turen gjekk strålande. Været var ikkje heilt topp, og fiskinga gjekk som sagt ikkje så bra som eg personleg hadde håpa, men ellers gjekk alt strålandes. Me nådde måla på turen vår, og gruppa fungerte kjempeflott. Eg gjorde opptil fleire fellesoppgåver. Eg tok mellom anna med ketsjup, bar telt og hjalp til med telt og litt mat og drikke også. Viss eg skulle gjort noko annleis på turen så ville eg tatt med fleire plastposar og knytt sluken på fiskestanga litt betre fast. Eg lærte meg mellom anna å sette opp telt, fyre på stormkjøkken, lese av kompass og kart, og å fiske litt.
Til neste gong har eg spørsmålsrunde så det er berre å spørre i vei!!!!!

Hade bloggen<3