mandag 30. januar 2012

Skitur FTW!!!

Halla bloggen!!:)
No har me vore på årets første skitur med friluftsliv. Me gjekk turen den 12. januar, så dette er eit litt forsinka blogginnlegg. Beklagar på det sterkaste. Turen skulle gå til Svartholten. Me møtte opp på skulen klokka 9. Derifrå tok me buss til parkeringsplassen i Gunvordalen, som var utgangspunktet for turen vår.

Her gjekk me.

Før me starta å gå så skulle me finne ut kor me skulle gå, ut ifrå kartet. Det fiksa vi uten noko problem. I tillegg til Torgeir var og BFFen hans, Steinar med på turen. Det gjekk ganske så roleg i starten, sidan det var litt problem med feller osv. Me gjekk til klokka var ca. 11. Då var det tid for å fylle på bensintanken (ete).
Matpause.

Eg og Kristian lagde den beste sitteplassen av alle. Alle vart drittmisunnelge på sitteplassen vår. Torgeir tilbydde oss ein dobbeldecker med nugatti for at sofaekspertane (aka Kristian og meg) skulle lage ein sitteplass til han og Steinar og. Det takka me ja til. Før me gjekk vidare gravde Steinar ei stor hole, der han forklarte oss litt om skred, lagdeling og skredfare. Nyttig kunsskap!! Etter pausen var det litt meir vind, men det satte ingen stoppar for oss. Me snudde rett før Svartholten, sidan me ville ha det litt vindstille når me tok av feller og gjorde oss klar til turen ned att. Eg, Kristian, Ingrid og Vegar fekk køyre først nedover. Snøen var ikkje heilt optimal, men morro var det lell. Ski på skulen er ikkje feil.
Det var ikje noko snø her eg blogga, men eg fann noko som var like kvitt eg kunne ta bilde av
 
 
 
Måla me sette oss for denne turen var:
  • Planlegge, gjennomføre og vurdere turer knyttet til lokal friluftslivstradisjon
  • Behandle og vedlikeholde redskap og utstyr slik at det til enhver tid er i orden
  • Vurdere betydningen av hensiktsmessig bekledning for ulike typer friluftsliv
  • Vise kjennskap til den naturen eleven ferdes i, og praktisere et friluftsliv der hensynet til naturen er overordnet
  • Forklare de mest alminnelige varsler naturen gir oss
  • Ha da kjekt!
Eg meiner me nådde alle måla.

Alt i alt var det ein pro tur.

Hade bloggen. Snx etter neste tur.